Fødd (1989) og oppvaksen på Nordfjordeid. Bur i Oslo.
Bachelor i jazztrombone frå Griegakademiet.
Master i utøvande musikkteknologi, og årsstudium i
jazzkomposisjon frå Norges musikkhøgskole.
For tida er det soloprosjektet mitt eg arbeider mest med.
Mai 2024 kom albumet "Av daude gror" ut på plateselskapet Grappa.
På denne plata spelar eg trombone, syng på nynorsk og spelar keys.
I bandet finn du ein rå gjeng
Sander Nordahl - gitar
Nikolai Hængsle - bass
Elias Tafjord - trommer
Ellers er det mine tekstar og melodiar, og eg som har produsert og mixa.
Nokre omtalar av prosjektet:
“Catchy, følsomme og intrikate låter” på “inderlig, ærlig og frekk norsk”
Audun Vinger
Dagens Næringsliv 18.05.24
“Tenk at musikk kan være så leken og innfallsrik, så energisk, drivende og kødden, så smart og så dum! Musikken er pop, men ikke popete. Det er jazzete, men ikke jazz. Men hvem bryr seg egentlig om slike kategorier? Rotevatn er rett og slett grisebra musikk.” Joakim Randa Bertelsen,
konsertanmeldelse i Bergens tidende
etter Vill vill vest 2024
OJKOS er eit komponistorkester som eg var initiativtakar til i 2018. Saman med fire andre kollegaer starta vi opp dette orkesteret for jazzkomponistar i Oslo.
Våren 2024 er min siste som medlem av orkesteret.
Etter 6 år i OJKOS kan eg med takksemd sjå attende på:
- tre album utgjevne på plateselskapet Odin
- fleire prisar og nominasjonar
- 4 år som styreleiar
Lenker til musikken
Etter fleire år som frilanstrombonist, har eg delteke i ei rekkje kjekke musikalske prosjekt. Ein variert musikalsk diett er min favoritt, so her finn du kvalitetsmusikk frå hip-hop til tradjazz. Av tidlegare og noverande samarbeid kan ein nemne:
Jaga jazzist, Cezinando, Fieh, Evelina Petrova Trio & Ytre Suløens Jass-Ensemble.